Om Flatøy Naturmedisinske Senter
Flatøy Naturmedisinske Senter blei stifta i 1998 av Knut Egil Skurtveit. Han er utdanna fysioterapeut og fekk offentleg godkjenning i 1986.
Med vidareutdanning i akupunktur, homeopatisk medisin og kinesiologi er behandlinga i dag ein kombinasjon der vi arbeider med å balansere og styrke kroppen sin evne til sjølvhelbreding.
For timebestilling: Send mail eller sms, så tar eg kontakt så fort eg kan.
Telefon: 9190 2009 eller
mail: skurtveit@gmail.com
Behandlinga er ofte ein kombinasjon av ulike terapiformer. Målet er alltid å styrka kroppen, og å få i gang ein prosess av sjølvhelbreding. Vi får gjort noko med symptoma, får betre livskvalitet og meir glede.
Vi startar alltid med ein god samtale, der du fortel korleis du opplever situasjonen og kor lenge du har gått med symptoma dine.
Energi ubalanse i eit organ kan ofte føra til smerter andre stader i kroppen. Negativt stress kan gje oss plager av både fysisk og psykisk karakter. Kroppen lyg ikkje, og det negative stresset kan ofte vere ubevisst.
Kinesiologisk testing er eit fantastisk redskap til å tyde kroppen sitt bevisste og ubevisste språk.
Behandlingstilbod
| Fysioterapi |
| Akupunktur |
| Homeopati |
| Kinesologi |
| Isoterapi |
Fysioterapi
Fysioterapeutar har god kunnskap om muskler og ledd sin oppbygging og funksjon i kroppen. Dei er klar over samanhengen mellom fysiske, psykiske og sosiale faktorar for ei god helse.
Akupunktur
Akupunktur har forklaringsmodell som definerer helse og sjukdom utfrå balanse og ubalanse i kroppen sitt energisystem.
Ulike tilstandar der det er dokumentert at akupunktur har effekt:
-kroniske kne- og ryggsmerter
-kjeveleddsmerter
-migrene og anna hodepine
-bekken og ryggsmerter ved svangerskap
-kvalme og oppkast ved svangerskap
-PMS- og overgangsaldersplager
Homeopati
Homeopatisk behandling styrker kroppens eigen evne til å bli frisk. Immunforsvaret blir styrka. Dei homopatiske medisinane jobbar med kroppen, ikkje imot den.
Sjå www.nhl.noKinesiologi
Eit viktig vektøy for meg er kinesiologisk testing. Med muskeltest kan vi kartlegge ubalanser og stress. Sidan kropp og sinn påverkar kvarandre i stor grad, kan vi finne årsaker og behandle både fysiske og følelsesmessige symptom.
Isoterapi
Ved behov nyttar eg også Isoterapi,modifisert etter Dr. Voll som er ein utrensing av virus og bakterier utvikla av tyske leger.
FRAMSIDE
BEHANDLINGSTILBOD
KONTAKT