FRAMSIDE BEHANDLINGSTILBOD KONTAKT

Om Flatøy Naturmedisinske Senter

Flatøy Naturmedisinske Senter blei stifta i 1998 av Knut Egil Skurtveit. Han er utdanna fysioterapeut og fekk offentleg godkjenning i 1986.

Han har grundig utdanning,og lang erfaring som fysioterapeut med vidareutdanning i akupunktur og homeopatisk medisin. All behandling er individuell og årsaksretta.

Ring eller send melding om time! Tlf. 40696902

Behandlinga er ofte ein kombinasjon av ulike terapiformer. Eg arbeider mykje med fysioterapi,og massasje, og brukar også akupunktur, homeopati, posturologi, kinesiologi og Bachs blomstermedisin etter behov. Målet er alltid å styrka kroppen, og å få i gang ein prosess av sjølvhelbreding. Vi får gjort noko med symtoma, får betre livskvalitet og meir glede.

Vi startar alltid med ein grundig samtale, der pasienten fortel om korleis han eller ho opplever situasjonen, kor lenge dei har gått med symtoma og så vidare. Energiubalanse i eit organ kan ofte føra til symptomer andre stader i kroppen. Negativt stress kan ofte gje oss plager av både fysisk og psykisk karakter. Kroppen lyg ikkje, og reagerer ofte med fysiske symtom på følelsesmessig ubalanse.

Behandlingstilbod

Fysioterapi
Akupunktur
Homeopati
Kinesologi
Posturologi

Fysioterapi

Fysioterapeutar har god kunnskap om muskler og ledd sin oppbygging og funksjon i kroppen. Dei er klar over samanhengen mellom fysiske, psykiske og sosiale faktorar for ei god helse. Fysioterapeutiske tiltak vert valgt ut Ifrå undersøking, erfaring og samtale med pasienten. Behandling kan vere manuelle teknikker, massasje, øvelsar og forebyggande tiltak, ofte i kombinasjon for best mogeleg resultat. Fysioterapi kan gjerne kombinerast med akupunktur og anna behandling.

Akupunktur

Akupunktur har forklaringsmodell som definerer helse og sjukdom utfrå balanse og ubalanse i kroppen sitt energisystem. Ulike tilstandar der det er dokumentert at akupunktur har effekt:
-kroniske kne- og ryggsmerter
-kjeveleddsmerter
-migrene og anna hodepine
-bekken og ryggsmerter ved svangerskap
-kvalme og oppkast ved svangerskap
-PMS- og overgangsaldersplager

Homeopati

Homeopatisk behandling styrker kroppens eigen evne til å bli frisk. Immunforsvaret blir styrka. Dei homopatiske medisinane jobbar med kroppen, ikkje imot den.

Sjå www.nhl.no

Kinesiologi

Eit viktig vektøy for meg er kinesiologisk testing. Med muskeltest kan vi kartlegge ubalanser og stress. Sidan kropp og sinn påverkar kvarandre i stor grad, kan vi finne årasker og behandle både fysiske og følelsesmessige symptom.

Posturologi - Behandlingsteknikk som betrar kroppshaldninga

Posturologi er ei ny behandlingsform for smerter i nakke, rygg og ledd. Det posturologiske systemet held oss oppreist og i balanse. Hjernen får informasjon frå ulike nervesensorar og styrer kjernemuskulaturen. Balanseringa fokuserer på årsakene til muskel- og sjelettlidelsar. Vi undersøker skeivheiter i kroppen og ubalanser mellom høgre og venstre hjernehalvdel, altså den rasjonelle og den følelsesmessige delen av hjernen. Ubalansane kan rettast opp først og fremst med øreakupunktur.

Posturologisk ubalanse kan gje ulike symptomer som

-Isjas, ryggsmerter
-hofte- og kneproblemer
-Bekkensmerter, skeivhet
-balanseproblemer
-hodepine, nakkesmerter
-kognitive problemer som depresjon, konsentrasjonsvanskar, innlæringsproblemer

Faget er utvikla av franske nevrologar og vert undervist ved fleire franske universitet.

Ved behov nyttar eg også Isoterapi,modifisert etter Dr. Voll som er ein utrensing av virus og bakterier utvikla av tyske leger.

Kontakt

Flatøy Naturmedisinske Senter
Flatøy Naturmedisinske Senter tilbyr alternative helsetenester som akupunktur og homeopati på Flatøy utanfor Bergen.
Facebook Google+
Prisar
1. konsultasjon kr. 800,-
Grundig utredning og behandling.
Oppfølgande konsultasjonar kr. 500 - 800,- etter tidsbruk
Behandlingar
Behandlingar vi tilbyr: Fysioterapi, Akupunktur, Homeopati, Kinesiologi, Posturologi og Isopati.
Kontaktinformasjon
Adresse:
Solberget 17, Flatøy,
5918 Frekhaug
E-post: skurtveit@gmail.com
40696902